Sesongen for bål i skog og mark er over

Publisert av:
15/4/2015 04:53

På grunn av at det på denne årstida normalt er tørrare og dermed auka fare for gras og skogbrann, er det i heile landet forbode med open eld i skog og mark frå 15. april til 15. september.

Ein kan framleis grilla eller brenna hageavfall i eigen hage.

No går det mot strålande vårvêr, og mange byrjar på grillsesongen for fullt. Når det gjeld eingongsgrill, kan ein nytta desse på eigna stader, for eksempel  på stranda. Men altså ikkje i skog og mark. Pass på at underlaget er brannsikkert, eingongsgrillar er ofte årsak til oppstart av ukontrollerte brannar.