Har du ikkje fått med deg eit besøk på idylliske Årbakka Handelsstad i år, då er det siste sjanse denne veka.
Marion Tviland fortel til Tysnesingen at dei kjem til å ha ope onsdag til søndag, kl 12-17.
I 2. etasje i Sjøbua har dei ei fantastisk flott utstilling laga av Onarheim Barneskule. Og i fyrste etasje har Elin Flindt salgsutstilling med akvarellar med flotte vestlandsmotiv.
Om ein er meir interessert i handtverk og noko godt å bita i finn ein ulike typar hanarbeid, samt gammeldagse drops, deilig te og nystekte vafler i Krambua.
Vertskapet lokkar med gode rabattar på alle løparar og dukar frå Ekelund sidan det er siste opningsveka denne sesongen.

God sesong
Marion Tviland fortel at dei har hatt ein veldig bra sesong, og at ho trur dei har hatt besøksrekord. Mange har vore innom i helgane i mai og juni og no i fellesferien. I tillegg har mange bussar som har vore på tur rundt Tysnes kome nedenom.
Spesielt hyggelig synes vertskapet det har vore at så mange lokale støttar opp om Årbakka Handelsstad. – Vi har opplevd ei stor auke i antall besøk av fastbuande og hyttefolk frå heile Tysnes, og mange har teke med seg sommargjester og komme endå ein gang eller to.
Barn hjelper barn
-Kunstutstillinga som Onarheim Barneskule har laga har nok vore eit trekkplaster for mange. Den utstillinga får veldig mye skryt. Folk er imponert over både kreativitet og kvalitet på det som er laga, og utstillinga som helhet har vært en fantastisk opplevelse for mange.
Overordna er temaet for utstillingen at barn hjelper barn. Overskotet frå utstillinga skal gå til innkjøp av skulemateriell til born i ein SOS-barneby i Bosnia-Hercegovina. Salget har gått veldig bra, og vi har fått samla inn mykje pengar fortel Marion Tviland.
Kunst, kultur og handtverk
Museumsdelen, med både bygningane i seg sjølv, men også interiøret og alle dei gamle gjenstandane i Krambua og den maritime utstillingen til Tysnes Kystlag, er også noko mange synes er veldig kjekt å få oppleve. -Og som dei er stolte av å kunne vise fram til familie og gjestar som kjem på besøk til Tysnes.
Alt i alt opplever vertskapet at kombinasjonen av kunst og kultur saman med salg av håndarbeid- og interiørprodukter i tillegg til kiosken med sine store og deilige (!) vaflar, gjer at Årbakka Handelsstad er ein stad folk synes det er mykje å sjå og oppleve, og ein god stad å vera. -Her har vi noko for einkvar smak, og for hele familien.
Marion oppmodar også folk om å fylgje Handelstaden på Facebook. Her vert det lagt ut informasjon gjennom sesongen om det som skjer.