Sesongen er opna

Publisert av:
3/6/2015 17:10

Frå 1. juni og ut juli er Årbakka Handelsstad open onsdag – søndag, 1200 – 1700.

Utstillarar i år er :
Trond Bentsen med «Maritime uttrykk»,
Sanita Balode med «To sider av en» og
Sissel Drange med bilder frå Tysnes.


Utstilling i fyrste høgda i sjøhuset med Trond Bentsen


Utstilling på «Sjøhuslemen» med Sissel Drange og Sanita Balode

 

Det er ikkje berre kunst Årbakka Handelstad har å by på.
I krambua kan du få deg ein kopp kaffe/te med «nogo attåt».

Anne-Lis fortel at dei også sel strikkevarer, gammeldagse drops og økologisk te. Dei har også fine løpearar og håndkler frå Ekelund.

Opningstider og aktivitetar under Tysnesfest, finn ein i programmet til Tysnesfest.

Vertskapet Anne-Lis og Rune Øvrebotten, Marion Tviland ynskjer alle:

Hjarteleg velkomen til ein flott oppleving på Årbakka Handelsstad.