Sentrum for utvikling

Publisert av:
11/1/2012 20:13

Fronta AS, som har kjøpt Ensy-bygget på Heningen i Uggdal, frontar på si nettside at Tysnes Næringspark skal bli sentrum for utvikling av små og mellomstore bedrifter på øya.

Dei planlegg å byggja ein djupvasskai på området og det skal starta elementproduksjon i løpet av året. I tillegg skal det tilretteleggjast for vinterlagring av fritidsbåtar, såkalla båthotell.

Næringsparken rår over eit kontorbygg på 488 kvm og produksjonshall på 4805 kvm. Tomtearealet er på 15.000 kvm, ifølge fronta.no.

Helge Hauge er no tilsett i Fronta AS og har fått i oppgåve å skaffa aktivitet til industribygget. I Bergens Tidende i dag vert det over ei heilside sett søkelys på at då han var ordførar i kommunen var med og fekk seld bygget til Fronta, og at han no har fått jobb i same selskapet som kommunen selde til. Hauge seier til BT at han ser at enkelte kan gjera eit poeng ut av dette, men at jobbtilbodet han fekk kom lenge etter at salet var gjennomført.