Ingen sak for lita - inga sak for stor

Seniortreff i fem bygder

Publisert av: May Britt Meland
16/3/2025 11:14

Torsdag 13. mars vart det skipe til seniortreff  på Reksteren, i Uggdal, Våge, Lunde og på Onarheim. Totalt var det ca 180 personar som deltok.

Ergoterapeut Marita H. Dalseid heldt foredrag om korleis ein kan ta vare på seg sjølv i vaksen alder, og om helsefremjande tiltak og førebygging.

Monica Hoff Utne framførte fleire flotte sjølvskrevne sogar.

Det vart også informert og demonstrert “Komp”. Datamaskina med berre ein knapp som gjer at eldre lett kan ha videosamtalar, og motta bilete og meldingar frå familien.
Ynskjer du meir informasjon om “Komp” kan du ta kontakt med Tysnes Frivilligsentral.