Publisert av: May Britt Meland
17/9/2020 21:16
Seniordansen møtast
Det har ikkje vore aktivitet på Seniordansen sidan byringa av mars i år.
No vil ein samlast for å diskutera moglege aktivitetar utover hausten.
Du er velkommen til samling i Tysneshallen onsdag 23. september kl 14.
-Kanskje prøver me på nokre lette dansetrinn med god avstand, seier Jan Belt på vegne av Styret i Seniordansen til Tysnesingen.no. Og ein kopp kaffi og litt å bita i har me også tenkt på.