Publisert av: Martha Nygård Lande
20/3/2019 19:45
Seniordag i kulturhuset på Reksteren.
Reksteren Idrettslag inviterte til SENIORDAG ONSDAG 20. mars kl. 12.00 i Kulturhuset.
34 menneske var påmeldt og dette er ein jevn stigning frå sist gong.
Serveringa var usedvanleg velsmakande heimelaga raspeballar med tilbehør.
I tillegg til Kåre Torbjørnsen sitt foredrag om stadnavn, hadde Tysnes Frivilligsentral eit innlegg om pågåande og planlagde aktivitetar.
Kåre Torbjørnsen
Dagens musikant Arne Sigmund Våmartveit.
Tekst og bilete: Per Verner Aase