Seks kampar i hallen
21/2/2009 20:06
6 kampar vart spelt i Tysneshallen, og Tysnes J10 hadde 2 av dei. Dette laget har valsa over den eine motst etter den andre, og har endo ikkje tapt ein kamp. I dag var laget redusert pga skade og sjukdom, så Thea vart innleigd frå J9(og ho klarte seg kjempebra!!)
1.kamp var mot Kv.herad 2, og det såg ut så dei endeleg skulle få skikkeleg “fight”. Til pause leda dei kun 5-4. Men det var visst berre oppvarminga for dei, for det var eit heilt anna lag som kom på banen i 2omg. Kv.herad stakkars møtte veggen, og nok ein gong valsa tysnesjentene over motst uten å sjå seg tilbake… 12-3 vann dei tilslutt, etter mange kjempeflotte scoringar av nesten samtlege på laget!
2 kamp var mot Stord. Dei gav dei god match i 1.omg, og stillinga var 6-11 til Tysnes i pausen. Men så sette jentene inn turboen igjen. Her var det veldig mangen flotta scoringa, bl.a. mange flotte kontringar. Tysnesjentene vann fortjent 20-9!!! Og har no ein målsforskjell på imponerandes 80-25!!!