Satte fyr på Tysnes
10/7/2010 23:37
Kveldens to hovudattraksjonar gav Tysnesfest skikkeleg live opptredenar.
Seint, men godt – det tok si tid før A1 inntok scena. Men det tok ikkje lang tid før dei fekk publikummet med seg og det var stemning gjennom heile konserten til det britiske popbandet med norske Christian Ingebrigtsen som ein av frontfigurane. Og særleg på dei siste låtane tok det heilt av med mellom anna Take On Me.
Og sanneleg fekk me ikkje eit – me kallar det lokalt innslag – også! Eit steinkast frå skuleplassen på Gjerstad ferierer kvar sommar nemleg Inger Lise Hope, kjend frå Shackles som var med i X-faktor. Bestefaren til Inger Lise, Egil Hope er frå Gjerstad, så det passa jo veldig bra at ho fekk synga ein låt i duett med Christian Ingebrigtsen her på “heimebane”.
Ca halv eitt var det klart for trønderane DDE. Dei var det mange som venta på og armane var i véret hos folk nesten før dei hadde begynt å synga! Bjarne Brøndbo & Co drog i gong kjende låtar frå fyrste tone og stemninga og allsongen nådde nye høgder utover natta.
Det var heise masse folk… ein anslår 4-5000 var innom konsertområdet og det var enormt trøkk. Hadde eit par ord med lensmannen like etter midnatt og forutan eit par småepisodar så hadde alt gått fint fram til då. Også tryggleiksansvarleg Bjarte Erstad var godt nøgd.
Og det kan Tysnesfest arrangørane også vera. For om nokon hadde sagt til meg då eg gjekk og tusla og spende i grusen på ungdomsskulen tidleg på 80-talet at her, på skuleplassen vår, så skulle det ein gong koma popstjerner frå hist og her og halda konsert framføre 4-5000 menneske, så hadde nok kvisetryne mitt rista godt på hovudet.
Men slik er det blitt – eit fantastisk arrangement som det nok vil gå gjetord om langt utanfor denne vesle vakre holmen me bur på!
Takk Tysnesfest!