Publisert av:
26/3/2010 11:17
Satsar på maling
Vågebuo i Triangelen vil satsa enno meir på sal av maling og beis. I dei siste vekene har dei difor flytta maling-sortimentet lenger fram i butikken og meir synleg for kundane.
– Me har selt ut alt steintyet vårt, og fått maling-avdelinga vår fram der dette var. Maling utgjer ein god del av omsetnaden vår, seier Lars Petter Epland til Tysnesingen. Han legg til at kjøkenavdelinga framleis er ein viktig del av Vågebuo sitt utsal, men at denne er flytta litt bakover i butikken. Alt av fiskeutstyr er også på plass.
– Me har alt klart no til påske og er klare for sesongen. Det nærmer seg tida for å ta vedlikehald av hus og bygg, seier han.