Såtetrimmen søndag

Publisert av:
4/8/2012 10:16

Turen opp til Tysnes sin høgste topp som Lundegrend Idrettslag arrangerer kvart år er i morgon søndag. Dette vert den 24. Såtetrimmen i rekkja.

Det er registrering på toppen mellom klokka 11 og klokka 15, og du får høve til å kjøpa rjomegraut og saft, samt t-skjorte og caps med motiv av Såto.

Om nokon ynskjer å bidra med litt bæring av saft, beger og anna utstyr er dei velkomne i Myrdal frå klokka 0930.