Salsborgjo opp

Publisert av:
19/7/2013 20:37

Under årets Onarheimsgilde arrangerer Onarheim idrettslag søndag 28. juli “Blåbærhaugen opp” – ei skikkeleg utfordring for dei spreke.

Men det er ein tur til det no er blitt ein uformell konkurranse om – nemleg “Salsborgjo opp”. Starten er ved turskiltet rett nordafor Skjellevik – endepunktet varden på Salsborgjo. Rekordhaldar så langt er Wibecke Bakkane Skorpen med 37 min. Kven blir så den første under halvtimen?

Diplom for sommarens beste er allereie laga – berre å skriva på namn. Ved utgangen av august vert vinnaren kunngjord.

 

Elles er det sagt at Salsborgjo er eit av dei finaste utsiktspunkta på Tysnes. Og turen er tydeleg merkt.

Tekst: Olav Skjellevik.