Foto: Tysnesingen

Røykvarslarens dag

Publisert av: Martha Nygård Lande
1/12/2024 08:01

Røykvarslarane reddar liv, og den årlege merkedagen, 1. desember, er ei påminning til oss alle om å sjekka at røykvarslarane i heimen fungerer som dei skal.

Ein røykvarslar kan oppdaga brann tidleg, noko som gjev verdifulle sekund til å slukka branntilløpet, evakuera og varsla naudetatane.

Særleg i vintermånadane aukar statistisk sett antall bustadbrannar. Dette skuldast blant anna meir bruk av levande lys, ovner og peisar.

Kvart år oppstår det over 3000 bustadbrannar i Norge, og mange av desse kunne hatt mindre alvorlege utfall, eller vore unngått dersom røykvarslarane hadde fungert som dei skal.

Slik testar du røykvarslaren:

  1. Test alle røykvarslarane i heimen
  2. Bytt batteri kvart år
  3. Sjekk plassering av røykvarslaren
  4. Bytt ut røykvarslar som er eldre enn 10 år

På Norsk Brannvern si nettside, står det at røykvarslarens dag er ei påminning om at branntryggleik handlar om forebygging heile året. Du kan lese meir om testing av røykvarslar, og tips til korleis forebygge betre, her: Norsk Brannvern.