Rekordutbetaling av spelemidlar i Hordaland
15/6/2016 08:35
I år fekk Hordaland fylkeskommune for fyrste gong over 100 millionar kroner i spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet i fylket. Utval for kultur, idrett og regional utvikling har fordelt nesten 109 millionar kroner til 78 ordinære anlegg og 52 nærmiljøanlegg.
Frå Tysnes kommune vart det levert inn to søknadar til spelemidlar.
Servicebygg på Løkjen
Onarheim IL fekk innvilga kr 522 000 til fornying av klubbhuset og servicebygget på Tysnes ski- og friluftsenter Løkjen.
Magne Storesætre leiar i Onarheim IL fortel til Tysnesingen.no at spelemidlane laget er tildelt er til eit servicebygg som skal plasserast på stadion-området på Løkjen. Bygget vil innhalda varmestova/oppholdsrom, sanitærrom og lager. Servicebygget vart planlagt i 2014, og laget er glad for tildelinga av midlar i 2016. Takka vere spelemidlane, gåver frå næringslivet og dugnadsinnsats kan servicebygget no realiserast.
Apalvika
Apalvika friluftsområde i Lunde fekk kr 87 000 til sanitær og kr 155 000 til sandvolleyballbane. Søkndane til desse to prosjekta er sende inn via Bergen og Omland Friluftsråd (BOF).
Leiar i Lunde bygdalag, Knut Nesland, er svært glad for at desse midlane kjem. Dette er avgjerande for framdrifta i ferdigstillinga av Apavika. Friluftsområdet har blitt mogleg å få til gjennom eit tre-part samarbeid mellom Lunde bygdalag, Tysnes kommune og BOF, og ein solid dugnadsinnsats.
Midlane vil vere ein del av finansieringa til eit sanitærbygg med toalett og ei sandvolleyballbane. Tidlegare har ein mellom anna fått på plass ei flytebrygge med stupebrett. Stranda vart rydda på dugnad tidlgare i vår, og er klar til badelystne gjestar.