Publisert av: Martha Nygård Lande
7/10/2025 09:52
Rekordstort oppmøte på seniortreff
Om det var komlene eller underholdningsprogrammet som lokka mest er ikkje godt og seia , men Seniortreffet på Tveit, torsdag 3. oktober, var fullbooka og det var ventelista, noko ein ikkje har hatt før.
Bente Vee opna treffet og gratulerte med overstått for «Den internasjonale eldredagen» som markerast over heile verda 1. oktober.
Dagen minnar oss alle på at eldre mennesker utgjer ein uvurderlig del av samfunnet. Ikkje berre i antall , men også i kva dei bidrar med. Ho fortalde også litt om eldrebølgen og reflekterte over dei økande utfordringane eit samfunn med ein voksande eldre befolkning står ovanfor.

Deretter fekk me eit musikalsk innslag av to trubadurer; Leslie frå Ungarn og Tarjei frå Bergen. Artige karar med både ablegøyer og herlig musikk.

I siste innslag fekk ein høyre av Marita Flemmen Skogsvoll, politi på Tysnes, om korleis ein kan verna seg mot vinningskriminalitet og kva svindelmetodar ein må vera på vakt for. Svindlarane blir berre meir og meir utspekulerte og ein må vera på vakt heile tida.

STOPP- Det hastar ikkje
TENK- kan det vera svindel
SJEKK- snakk med nokon du stolar på.
Desse tre orda kan det vera lurt og hugsa på om ein er i tvil.
Så var det buffèt og servering av komler m/tilbehør. Nydeligt og god middag. Kjeks og konfekt til kaffen.

Ein kjekk og koselig kveld for dei eldre.

Komiteen/Onarheim og Tveit bygdalag.