Reint vatn til kriseområda!

Publisert av:
10/3/2016 23:00

Fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp i 2016.

Aldri før har vi sett så mange store humanitære kriser på ein gong. Kirkens Nødhjelp er i katastrofen med reint vatn. No treng dei di hjelp. 

Akkurat no er millionar av menneske råka av katastrofar – verda over. Det siste året har Kirkens Nødhjelp gitt reint vatn til mellom anna flyktningar i Sør-Sudan, Nord-Irak og Syria, flaumoffer i Malawi, tørkeråka i Etiopia og jordskjelvoffer i Nepal. 

I Etiopia har vêrfenomenet El Niño skapt den verste tørken på 30 år. Ifølgje etiopiske styresmakter vil 10,2 millionar vera truga av kritisk matmangel i 2016. Meir enn halvparten av desse er born. 5,8 millionar menneske er i akutt mangel på vatn.

Mellom dei som er hardt råka er bøndene i Ankober-distriktet. 66-åringen Dagne i landsbyen Washa har sjeldan sett ein verre tørke gjennom sine 40 år som bonde. 

– Eg har vore gjennom vanskelege periodar i livet mitt. Det har skjedd før at regnet ikkje har kome og vi har prøvd å overleva med det vesle vi har. Men dette er noko av det vanskelegaste eg har opplevd.  Kvar einaste dag må heile familien stå over måltid for å spara på maten, fortel bonden, som er far til ni born.

 

Enorm mangel på vatn
Tørken har skapt enorm vassmangel, ubrukelege avlingar og utarma beitemarker. Bøndene mistar dyra sine og dermed livsgrunnlaget sitt. Det litle regnet som har kome, har ikkje vore nok til å gi avlingar. 

For å greia seg må bøndene selja dyra som har overlevd så langt i tørken. Dei blir tvungne til å selja kyr som har sytt for verdifull mjølk til borna i familien. No har mange snart verken dyr eller pengar att. Dagne vonar framleis på regn, men er uroa for korleis han skal greia å driva jorda utan oksane sine. 

– Eksistensen vår avheng av dyra våre. Utan dei blir det vanskeleg for oss å overleva. Eg veit ikkje kva eg skal gjera, seier Dagne fortvila. 

Du kan hjelpa
I kriser er vatn kritisk. Derfor er vatn noko av det aller første Kirkens Nødhjelp stiller med i katastrofar. Dei sørgjer for reint vann og høve til gode sanitærforhold der alt er øydelagt. Samtidig jobbar dei saman med folk i utsette område for å førebyggja den neste naturkatastrofen.

Kirkens Nødhjelp treng di hjelp for å hjelpa. 13.- 15. mars går Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2016 av stabelen. Ditt bidrag gjer det mulig for Kirkens Nødhjelp å vera der med reint vatn når katastrofen råkar. 


Trass dårlege avlingar dette året, arbeider Dagne i åkeren for å førebu den tørre jorda på regnet han vonar vil koma. (Foto: Hilina Abebe/Kirkens Nødhjelp)