Registrering av åkle
24/3/2009 18:38
Møtet har ikkje vore lyst ut , men me har teke kontakt med nokre av dei som har meldt frå om at dei har åkle. Det møtte ca 20, og dei hadde med seg 30 åkle. I tillegg er det svært mange som bur andre stadar som har teke kontakt og sendt bilete av åkle dei eig, som kjem frå Tysnes.
Kristi Skintveit snakka litt om korleis dei laga åkle , om bruk og særtrekk ved dei. Etterpå såg ho nærare på dei teppa som var der. Dei vart fotografert og ho noterte ein del om dei.
Eit særtrekk ho fann var at ikkje nokon av teppa var sydd saman på midten, og på dei fleste var det meir eller mindre av ei tvinna snor i eine enden, der vart renninga festa. Desse teppa får med det 3 jarekantar. Det betydde at teppet var vove på oppstadvev, ein vev som står slik at trådane går opp langs med veggen. Det er ein sort vev som er mest borte i dag, men det er ei eldre på Fitjar som brukar denne vevemåten. For nokre veker sidan var det ein reportasje i Bergens Tidende frå Osterøy, der har dei eit kurs i denne måten å veva på. Vevinga startar oppe, og tråden må slåast opp. Det var nok både tungt og hardt for armane, men det var slik det var på Tysnes før i tida.
Ho fortalte og om fargane, i 1875 kom ? fargar og det vart meir fargerikt. Me såg mange skarpe fargar når me pirka i trådane, og det var mykje skarp raudt og lilla. Mange av teppa var falma mykje og det synte godt at mange var mykje brukte.
Kristi Skintveit ville sjå nærare på bileta og notatane sine, men ho sa ho kom til å bruka ein del av dette i boka si. Det har stor verdi at så mange har teke kontakt om åkle. Med det kjem særtrekka tydeleg fram, og kan dokumenterast. Ho bad oss gå inn på ei nærare registrering, ho vil hjelpa oss med skjema. Då kan informasjonen samlast for ettertida.
Me vil retta stor takk til alle som har hjelpt oss med denne registreringa. Er det fleire som har åkle dei ynskjer å ha med i registreringa, tek me mot dei med takk.
Tysnes Husflidslag