Redningsaksjon

Publisert av:
14/5/2015 16:56

Politiet melder på twitter at Røde Kors i ettermiddag vart sendt ut for å berge ei Tysk kvinne som hadde skada seg i fjellet ved Hovland.

Kvinna hadde skada seg i ein fot og greidde ikkje koma seg ned på eigenhand.

Mannskapa frå Røde Kors tilkalte Sea King helikopter ca kl 17.45 då terrenget kvinna befann seg i var for bratt for luftambulansen.

KL 19.26

Politiet melder at kvinna no er henta ned, og er teken hand om av ambulanse. Dei melder at kvinna er lettare skadd i ein fot.

 

Oppdatering/ kommentar frå innsendar:

“Det var ikkje Røde Kors, men privat personar i nærområde som rykte ut med traktor til den skadde kvinna. Det viste seg att ho befant seg i eit heilt anna område enn først meldt med vanskelig tilkomst, og Sea King helikopter blei rekvirert.”