Ramslauk på menyen

Publisert av:
24/5/2017 12:16

Det var ei godt oppmøte med heile 19 medlemmer!

Ramsløk stod på programmet denne kvelden. Det var eit minikurs i tørking og bruk av denne.

Dette er ein delikatesse som er mykje brukt i forskjellige former. Det ligg mange oppskrifter på internett.

Me blei servert heimabakt flattbrød med og uten ramsløk. I tillegg hadde Gerd dipp med ramsløk, og nydelege horn med ramsløk. Flott oppdekka langbord, ein fantastisk koseleg kveld.

Jorunn takka Gerd så mykje for at ho hadde tatt i mot oss.

Tekst og foto: Tysnes bygdekvinnelag