Publisert av:
17/11/2016 16:14
Prosjekt Ukraina!
Åshild Matre kom med lysbilder om tilstanden der nede, samt oppskrifter til plagg ein kan strikka og donera vidare.
Dette blei ein fin og sosial men nyttig kveld sa ansvarlig for Lodotten, Anne Langeland.
Ho fortel at strikkecafeen hadde stranda litt, så kom dei på ideen om å slå seg saman med dei som har fadderbarn i Ukraina. Dei tok 10 kr for kvar deltakar for å gje vidare til KDK Ukraina.
Dei oppmodar alle på Tysnes å samle klær ein har heime som ikkje vert brukt. Desse kan dei levera i sekker til merete, det kostar 50,- pr sekk å levere pga. transport.
Det me evt får strikka no i løpet av desse strikkekveldane vert samla inn på siste kvelden i februar. Det er gratis å levere, Åshild tek det med seg når ho reiser i mars 😃
Denne kvelden var det Onarheim og Tveit som møttes og dei vil gjerne senda stafettpinnen vidare til Lundabygdo, for dei håper på ein kveld til i Januar, samt eit møte i Februar for å samle inn alt folk har laga/vil donera.
Åshild stiller gjerne med lysbildeserien sin frå eit tidligare besøk i Ukraina! Om nokon treng strikkeoppskrifter ta kontakt med Åshild.
KPK treng sårt fleire folk som kan hjelpe, gå inn på websida deira (kdk-ukraina.com) og meld deg som fadder 🙂
Tekst & foto: Rebekka Høgestøl








