Promillekøyrar på ferja

Publisert av:
8/7/2010 08:36

På veg til jobben sin i Os vart lensmannen i Os kontakta av ferjemannskapet på “Masfjord”. Dei meinte det var ein berusa bilførar om bord i ferja.

Det var klar mistanke om promille på bilføraren frå Litauen, og han vart køyrd til legevakta på Os for utvida blodprøve. Bilføraren er fråteken lappen og vil bli anmeldt for køyring i påverka tilstand.

Det er RadiOs som melder dette.