Privat oppveksttun?
12/3/2012 19:41
I kjølvatnet av at kommunen ser seg nøydd til å leggja ned småskulane i kommunen for å spara pengar, er det på privat initiativ av Jarle Petterson laga til ei nettside for å sondera om det kan vera grunnlag for privat oppveksttun.
– Tanken er at initiativet kan gavne kommunen (i form av besparelser og frigjering av midler til andre føremål) og dei som alt har mista eller står i fare for å mista det lokale barnehage- og skuletilbodet, kommenterer Petterson til Tysnesingen, og held fram:
– Dette er ein fare som framleis er høgst reell for Onarheim i første rekkje, dernest for Uggdal, sidan besparelsane i kjølvatnet av Lunde-nedleggjinga neppe monnar stort i forhold til underskotet på ni millioner, meiner han.
Han seier at han sjølv ikkje har nokre planar om å vera delaktig i det vidare arbeidet, men han synes det vil vera for gale om absolutt ingen påtar seg å lodda stemningen – og set interesserte i forbindelse med kvarandre.
– Det er det eg håpar å få til no, men det må i så fall skje fort, sluttar Petterson.