Flornes Foto: Alsaker Fjordbruk

Pressemelding: Resultat for Alsaker Konsern i 2023

Publisert av: Martha Nygård Lande
10/7/2024 21:12

Alsaker-konsernet, som er konsernselskapet til Alsaker Fjordbruk, fekk eit driftsresultat på kroner 1.182. millionar i 2023. Med ein omsetnad på kr 3.004 millionar gir dette ein driftsmargin på 39,3 %.

Etter at norske myndigheiter innførte grunnrenteskatt frå 1. januar 2023 har skattekostnaden i
konsernet auka kraftig, frå 21% i 2022 til 50% i 2023.
Alsaker er eit vertikalintegrert oppdrettskonsern med produksjon av laks. Konsernet dreiv i 2023 4 smoltanlegg, 24 matfiskkonsesjonar, slakteri, reinsefiskanlegg og eit havbrukssenter. Konsernet har også eigen brønnbåt og ein stor flåte av servicebåtar.

Produksjonen i konsernet skjer i 14 kommunar: Alver (Meland), Bjørnafjorden (Fusa), Bømlo, Etne, Kvam, Kvinnherad, Sveio og Tysnes i Hordaland, samt Haugesund (Røvær),
Stavanger (Rennesøy), Sandnes, Suldal, Tysvær og Vindafjord i Rogaland.

I 2023 produserte konsernet 36.000 tonn laks, litt mindre enn året før. Slaktevolumet var også ned samanlikna med året før.

Ved utgangen av 2023 var det 277 tilsette i Alsaker-konsernet. Konsernet har godt kvalifiserte og motiverte personar i alle ledd i organisasjonen. Dyktige medarbeidarar er ein viktig suksessfaktor for Alsaker-konsernet.

Bokført eigenkapital i konsernet var ved utgangen av året kr 2.025 millionar – noko som gir ein eigenkapitalandel på 56 %