PRESSEMELDING
2/7/2015 13:46
Tysnes Sparebank er den einaste frittståande lokalstyrte banken i regionen Sunnhordland, Hardanger og Os/Fusa. Banken har hovudkontor på Våge i Tysnes kommune og kontor på Husnes. Fleire kontor er under planlegging. Banken er mellom dei bankane i Noreg som veks mest.
Rentereduksjon på innskot og utlån
Tysnes Sparebank reduserer renta på utlån og innskot. Etter at Noregs Bank reduserte renta har sparebanken på Tysnes vedteke å redusera renta også.
Rente-endringane for utlån og innskot vert for eksisterande kundar effektiv frå 1. september 2015.
Tysnespakke-lånet – 1,75 % p.a. – landets beste rente?
Tysnespakke-lånet er kanskje det gunstigaste lånet ein kan få i Noreg. For å oppnå denne renta må du flytta til Tysnes kommune. Tysnespakken inneheld ei rekkje andre fordelar også – mellom anna halv pris på straum og breiband i 2 år.
Banken ynskjer å kunna tilby kundar i regionen ei god rente kombinert med bankens personlege service. Banken har medvind og kundetilgangen er svært god. Kundar som ynskjer ein tilgjengeleg bank med evne til å finne smidige løysingar på ulike finansielle behov ser mot den frittståande lokale sparebanken der alle avgjersler vert teken lokalt.
Dersom det er spørsmål i samband med pressemeldinga kan det rettast til banksjef Dag Sandstå på telefon 90089084 eller epost dsa@tysnes-sparebank.no.