Pressemelding
26/6/2013 13:42
I samband med at ein av våre tilsette i går ettermiddag var på veg med båt mellom fleire oppdrettslokalitetar i Sunnhordlandsbassenget, vart det oppdaga ein båt med fisketuristar som låg ulovleg fortøydd ved flåten/anlegget på lokaliteten Ebne.
Den tilsette sakka farten og manøvrerte båten inn mot anlegget og båten med fisketuristar. Dette for å gi beskjed om at ei slik plassering/fiske, ikkje var i tråd med regelverket og omsyn til både fiskeforbodssona (100 meter avstand frå anlegget) og ferdselssona (20 meter).
I samband med dette, kan det ikkje utelukkast at farten på båten til Sunnhordland Fjordbruk AS har vore litt for høg, og at båten med fisketuristar vart pressa mot flåten, som den var fortøydd til. Dette kan ha ført til nokre skadar på den 20 fot store og eldre trebåten.
Straks etter hendinga gjekk vår tilsette om bord i flåten. Han registrerte at båten med fisketuristar responderte på beskjeden og gjekk mot land. Vår tilsette følgde fisketuristane/båten og registrerte ikkje noko unormalt med fiskebåten, så lenge han var på flåten/anlegget.
I ettertid har det via m.a. pressa og politiet komme for dage at fisketuristane har ein annan versjon av hendinga.
Politiet er kopla inn i saka, vår tilsette har vore til avhøyr og vidare etterforsking av saka vert gjennomført i tråd med gjeldande prosedyrar.
Sunnhordland Fjordbruk AS har vedteke å melda fisketuristane for brot på forbodet mot fiske og ferdsel kring oppdrettsanlegg.
Sidan saka no formelt er under etterforsking, ynskjer Sunnhordland Fjordbruk AS p.t. ikkje å føra fram ytterlegare kommentarar til saka, men vil venta til politiet har avslutta etterforskinga.
Vår tilsette er inntil vidare og etter eige ønskje friteken for arbeidsoppgåver knytt til anlegget.
Det kan vidare nemnast at m.a. Sunnhordland Fjordbruk AS og lokaliteten Ebne dei siste åra har hatt store utfordringar kring brot på både fiskeforbodssone og ferdselssona.
Både førebyggjande tiltak (skilting, informasjon m.m.), melding til Fiskeridirektoratet, Kystvakta og politiet har hatt liten effekt, noko me på det sterkaste beklagar.
Fiskeridirektoratet har i desse dagar ei ekstra fokusering/prioritering på temaet som gjeld fisketurisme/havbruk, noko Alsaker Fjordbruk/Sunnhordland Fjordbruk ser positivt på!
Ytterlegare opplysningar om Alsaker Fjordbruk finn De på: www.Alsaker.no
Onarheim 26.06.2013
Alsaker Fjordbruk AS/Sunnhordland Fjordbruk AS
v/Samfunnskontakt Ove Gjerde