Presenterer praktbok på Tysnes
8/11/2016 22:20
Torsdag 10. november har du to sjansar til å høyra meir om bokverket “Oselvar – den levande båten”.
Tysnes Bok og Fritid
Frå klokka 1400-1600 kjem forfattaren Kjell Magnus Økland til Tysnes Bok og Fritid i Våge. Der signerer han bøker for dei som vil kjøpa ho i bokhandelen.
Grendatun
Klokka 1700 inviterer Tysnes Komlelag til Komlefest i Grendatun. Her vert det foredrag med Kjell Magnus Økland og sjølvsagt servering av komler. Inngang: 200 kr pr person.
Det vert òg høve til å kjøpa boka og få ho signert i Grendatun.
Oselvar er ein klinkbygd, tradisjonell trebåttype frå Hordaland. Båttypen har vakse fram etter ei utvikling som strekkjer seg over fleire tusen år. Oselvaren har tradisjonelt vore nytta som bruksbåt og til kapproing og kappsegling sidan 1800-talet.
Boka om Oselvaren vart lansert i oktober av Skald Forlag og Oselvarklubben.
Les meir om boka i artikkel på Tysnesingen.no og på oselvarbok.no.