Praktiske ting om Tysnesfest
6/7/2010 20:30
TRANSPORT/PARKERING
BUSS TIL TYSNESFEST
Busstransport til/frå dei ulike konsertane torsd./ fred./ laurd. Sjå eigen rutetabell.
BÅTTRANSPORT TIL TYSNESFEST
Ferje Halhjem-Våge og Jektevik-Hodnanes. Sjå TF sin eigen rutetabell
VETERANBUSSER til/frå ”marknaden” laurdag 10.07. Gratis veteranbuss-transport kl 10:00 – 17:00 Bussane går i skytteltrafikk mellom parkeringsplassane : camp TF ,
Tysnes Kyrkje, Windsor og Uggdal skule. Buss frå Vassbanken / Lunde senter kl 10:00, 10:30 og 11:00. Med retur frå Våge kl 16:00, 16:30 og 17:00. Sal av Marknadsdag
pass på bussen.
TAXI / HENTING MED PRIVATBIL
Taxi og privatbiler som skal henta / bringa folk til ”marknaden” blir oppmoda om å stoppa ved Esso, Våge, for å unngå kork ved sentrum / rundkøyring.
Det blir oppfordrar alle å køyre kollektivt.
BÅTFORTØYNING
Båtgjestene blir bedne om å retta seg etter instrukser frå hamnevakta, slik at alle får eit best mogeleg opphald under festivalen. Kaiavgift blir å betala til hamneverter. Båtar
som ligg ved kai under marknadsdagen MÅ løysa marknadsdag billett for alle om bord.
Båteigarar er ansvarleg for å fortøya forsvarleg. Kvar enkelt båteigar må setja seg inn i gjeldande branninstruks.
PARKERING
Avgrensa parkeringstilbod ved dei ulike konsertområda / ”marknaden”. Bruk difor busstilbodet eller gå til det aktuelle arrangement.
Konserter Gjerstad, Våge: v/ Windsor, v/ Tysnes Kyrkje og Våge sentrum.
Marknadsdag, Våge: v/ Windsor, v/ Tysnes kyrkje, Uggdal skule og Vassbakken. NB! BILFRI VÅGE
Søndag, Kjevikjo: v/ Heningen, Uggdal
CAMPING/ OVERNATTING
Camp M/F Tysnesøy, rett ved Tysnes skule. Gangavstand til butikk. Påmelding og retningsliner for camp, og info om andre overnattingstilbod på øya. sjå www.tysnesfest.no
KONSERTSTART
På kveldskonsertane torsdag, fredag og laurdag, Gjerstad, opnar porten kl 18:00 .
For fullt program, sjå www.tysnesfest.no
BILLETTAR OG ARMBÅND
BILLETTAR TIL ARR.
Billettsal; www.billettservice.no/ tlf: 815 33 133
Alle billetter: Malia Tysnes, Vågebuo. Det vil òg bli billettsal ved inngang til festivalområda.
Billettar til Marknadsdagen blir òg å få kjøpa om bord på ferja Halhjem-Våge laurdag 10.07.og på bussen frå Vassbakken / Lunde senter.
PRISER: Full Billettprisoversikt www.tysnesfest.no På nokre billettar kjem billettavgift i tillegg. Kjøpte billetter blir ikkje refundert.
ARMBÅND
For å koma inn på dei ulike arrangementa må du ha eit festivalarmbånd. Dette får du ved å vise gyldig billett og legitimasjon i dei ulike billett-utsal/ billettkontroll på aktuelt
arr.stad. Billettbua opnar 1 timer før konsertstart alle dager.
ALDERSGRENSE
Barn under 18 år i følgje med forelder på alle kveldskonsert arr. På ”Klypa”show: inga aldersgrense.
MILJØ
RESPEKTER TYSNES!
Gudeøya Tysnes er ”heilag” . Me håpar at publikum vil hjelpa oss å ta vare på Tysnesøya, slik at områda er like fine etter som før TF2010. Bruk miljøstasjonane på
festivalområda, slik at ikkje avfall blir liggjande på bakken. Brannfårleg avfall, som tildømes eingongsgriller, må berre kastast i eldsikre konteinere.
Takk for hjelpa!
FUNKSJONSHEMMA
Under marknadsdagen: Parkeringsplass for funksjonhemma vert tilvist av vakter ved ankomst Våge
Under konsertar: Sikten er god, men det kan vera vanskeleg for rullestolbrukarar å bevega seg rundt på festivalområda. Me oppmodar derfor rullestolbrukarar å ha med seg
ledsager. Kommunalt ledsagerbevis godtas, og desse har fribillett. Toalett for funksjonshemma på festivalområdå: Våge og Gjerstad.
MAT OG DRIKKE
Det blir servert mat og drikke på festivalområda. Øl og vin blir kun servert på kveldsarrangementa. Det er ikkje tillete å medbringa mat og drikke inn på festivalområda (litt
frukt og snacks går bra).
TOALETT/STELLEROM/VATN
Toalett tilgjengeleg på konserter/ arr. Stellerom under marknadsdagen i Vonheim. Det er tilgong på vatn på dei ulike arr.
BONGAR
På kveldskonsertane blir det sal av mat og drikke. Dette vil føregår ved hjelp av bongar, som kan bytast i øl, vin, alkoholfritt, mineralvatn eller mat. Eige bongutsal godt
synleg inne på konsertområda. NB! Ubrukte bonger blir ikkje refundert. Bongar kan kùn nyttast kjøpsdag.
BETALING
Betaling både med kort og kontanter på festivalområda. Tysnes har berre ein minibank i Våge og ein i Uggdal. Planlegg difor ut tenkt forbruk.
TRYGGLEIK
Tryggleiken til TF-besøkjande er svært viktig for festivalen. Sikkerhetsvakter, Politi og Tysnes RKHK er tilstades under festivalen. Vær merksam på at det kan oppstå stort
press framføre scena. ”Stagediving” og ”crowdsurfing” er ikkje tillete.
Følgjande er ikkje lov å bringa med inn på festivalområdet:
Profesjonelt foto-, video- og lydopptaksutstyr
Flasker og termoser
Hunder og andre kjæledyr
Paraplyer (Det er lov med regntøy! Det blir òg seld regnponcho`er i bongbu)
Campingutstyr (stoler, bord, telt etc.)
Våpen, kniver og andre skarpe gjenstander
Mat og drikke
Grill (også eingongsgrill) Vesker og ryggsekkar vil bli undersøkte ved inngong, og forbode gjenstandar blir inndrege.
Har ein lest igjennom dette, skal man vera godt førebudd til årets Tysnesfest, og dermed unngå uheldige overraskingar.
TF info tlf: 953 08 551 Her vil du kunne få svar på generelle spørsmål rundt festivalen, som transport, overnatting, program osv.Telefonen er bemanna kvar dag frå 28 Juni
til festival slutt 11 juli. Opningstider er mellom 12:00-20:00
Tysnesfest ynskjer alle velkomen til Tysnesøya for ei storoppleving som seint kjem til å bli gløymd.