Populært Garasjesalg

Publisert av:
26/3/2016 11:47

Allereie 20 minutt før dørane opna i føremiddag kl 11, var det kø utanfor Galleri Elisabeth G.

Elisabeth Godø og Sigrid Hope hadde rydda i tre etasjar og inviterte til “Garasjesal” i Galleri Elisabeth G i dag.

Her selde det dei betegna som “Husafyll” for nokon, gull for andre.
-Alt til latterleg låge prisar.

Sigrid Hope var heilt overvelda over kor mange som kom. -Det hadde eg aldri trudd!

Garasjesalget har eit rikt utval i mange ulike kategoriar, og er ope til kl 15.00.