Populær hurtigbåt

Publisert av:
20/12/2011 22:05

Hurtigbåtruta som går mellom Rosendal, Malkenes, Flesland og Bergen har i dei elleve første månadane i år hatt ein passasjerauke på tolv prosent mot same periode i fjor.

41 475 passasjerar har hatt seg ein tur med Hardangerfjordekspressen så langt i år, og innan utgongen av året reknar selskapet Rødne Fjord Cruise at ein når 44 000 passasjerar.

Dette er eit resultat selskapet er strålande nøgde med. Hovudårsaka er dei ekstra laurdags- og søndagsrutene som vart innførte i sommar.

Rutetabell for hurtigbåten finn du her. Vér obs på at båten ikkje går 24., 25. og 31.desember.