Polar Plunge

Publisert av:
20/3/2014 16:28

Fleire stader i USA vert det i samband med St. Patricks Day arrangert “Polar Plunge”, (“vinter bad”).

Arrangmenta vert nytta til å samle inn pengar til ulike veldedige formål. I Portland, Maine der Nils Vermund befinn seg, samla det lokale brannvesenet inn pengar til leiropphald for born med brannskader.

Nils Vermund fortel til Tysnesingen.no at det var ein gjeng med friskusar som bada i sjøen kl 05.30 om morgonen på St. Patricks Day, 17.mars. Sjølv om han er godt van med å bade heile året både på Tysnes og i Bergen, seier han at dette var ei frisk oppleving. Det har vore den kaldaste vinteren i USA på lenge, og det vart sagt at det var 2-3 grader i havet.

WMTV, channel8 har eit innslag frå arrangementet. sjå her.

Ein ser klipp frå “Frokosten” på ein lokal pub etter badinga, og så får ein sjå eit klipp der m.a. Nils Vermund spring ut i sjøen.

.