Publisert av: May Britt Meland
15/9/2021 13:05
Høyring av planprogram for Hordfast
Statens vegvesen inviterer til digitalt folkemøte:
Høyring av planprogram for E39 Stord-Os (Hordfast)
Statens vegvesen har utarbeida forslag til planprogram for reguleringsarbeidet for E39 Stord-Os (Hordfast).
I samband med dette arrangeres eit digitalt folkemøte.
Her vil prosjektleiinga fortelje om planforslaget og gjere greie for dei problemstillingar reguleringsplanen skal omfatte.
Forslaget er på høyring fram til 30. oktober.
I samband med høyringa blir det arrangert eit digitalt informasjonsmøte på Teams Live Event.
Under møtet blir det høve til å stille spørsmål skriftleg i «chat».
Dato: 20.09.21
Tid: 19.00 – 20.30
Lenke til meir informasjon og Teams møtet finn du her!