Pit-stop

Publisert av:
13/7/2013 07:21

Pit-stop er eit arrangement Indremisjonen har under Tysnesfestdagane.

Dei byr på gratis vaflar og kaffi til forbipasserande, og gjev samtidig tid for eit varmt vitnemål med tid for samtale om viktige spørsmål.
Tysnes Bedehus er stategisk plassert i høve til både Våge og konsertarenaen på Gjerstad seier Harald Heie til Tysnesingen. Folk frå alle bygder på Tysnes er engasert i “Pit-stop’en”.

I tillegg har dei fått med seg Liv Rolfsnes og Hartvig-Kloster som begge er fast tilsette i Indremisjonen. Liv “bur på gata” i Odda som ho seier sjølv, medan Hartvig-Kloster er gate-evangelist i Oslo.

Dei gjev skryt til Tysnesfest for bredda på festivalen, og seier at det har vore mange koselege folk innom.

Folk stoppa opp for litt mat og ein prat jevnt og trutt heile kvelden, og til langt utpå natta.