Pinsecupen
13/6/2014 17:14
Jenter 16
Fredag:
Det var i år rekordpåmelding på Stordcupen, så både J14 og J16 hadde kampar allerede fredagskvelden.
J16 møtte Bjørnar: Dette var i utgangspunktet ikkje spennande mtp. kor poenga skulle gå. Men det var ein veldig bra kamp av jentene, og dei vant lett 20-10
Laurdag:
Normalt pleier ein ikkje å spela så mange kampar før opningstoget har gått, men pga. stor påmelding gjekk det kampar heile dagan.
J16 var max uheldig å fekk sein kamp fredag, tidleg lørdag(kl.09:10) og kjempeseint (kl.22:50). Var veldig spent om dei klarte å halda fokuset når det var eit halvt døgn mellom kampane!
Fyrste denne dagen var mot Hinna. Denne vart unødvendig spennande kamp, men jentene vant til slutt 10-9 :-)
Andre kamp var mot Nore Neset. Eit lag me kjenner veldig godt. Skulle i utg.pkt. vera seier uten altfor mykje stress, men cup er cup! Men jentene klarte også denne kampen. Seier 12-10.
Søndag:
Nok ein gong vart det tidleg kamp på J16. Kl09:25 var det kamp mot Åkra. Seier 16-7
Etter 4 strake seirer, vart dei puljevinner, og gjekk derfor rett i kvartfinalen.
Kl.21:25 skulle me derfor møte Stord – som er vårt partnerskapslag! Spenninga var derfor stor….veldig stor! Dei hadde eit godt lag, og ikkje minst publikum var absolutt i fleirtal
Men ka gjer nå da når me har spelet, me scorer mål mens dei møter veggen hos oss både via forsvaret og ikkje minst Malene, som stod sikkert sin beste kamp nokon gong! Publikumet som me hadde på tribunane, var så absolutt i mindretal, men lyd laga dei! Var eit og anna stemmebånd som fekk kjørt seg ekstra under denne kampen!!! Seier 10-7.
Mandag:
Då var jentene klar for semifinale mot Randagberg kl.09:50. Dei har me spelt mot før, og visste at dei er eit veldig godt lag. Kampen begynte bra, men utover i kampen måtte me berre innsjå at dei var sterkare enn oss. Det vart derfor eit 8-14 tap
Sumsumarum, så er ein kjempestolt over kva jentene har prestert både i cupen og i serien i år. Dei kvalifiserte seg til 1.div spel i sesongen, og endte på ein 5.plass (5-beste laget i regionen er litt å skryta over!!) Dette var dessverre punktum for dette laget.
Frå hausten, pga skulegang, så vil ein kanskje sjå nokon av dei på seniorlaget mens andre fer til andre klubbar.
Trenar Jorunn Dalland og Rita Teigland
Jenter 15
Tysnes sitt J15 fekk det litt tøft i cupen. Det vart dessverre ein del tap, men siste kampen i innleiande spel, var mot Fana, og den vant dei 13-9.
Kjekt å ha ein seier i kroppen, når ein startar på B-sluttspelet!
1/8-finalen var mot Nore Neste. Kjempekamp av laget og ikkje minst keeper Tamara. Ho stengte buret totalt! Så jentene vant «lett» 11-5.
¼-finalen var mot Sotra. Dette vart ein kjempe spennande kamp der laga fylgde kvarandre heile vegen. Kort tid før slutt var stillinga 8-9 til Sotra, Tysnes er i angrep! Det blir spelt innspel til Kristianne på strek, som scorer. Jubelen står i taket, men av ein eller annen merkelig grunn godkjenne ikkje dommaren målet. Det vart derfor eit kipt 1-måls tap! Så var cupeventyret øve for desse jentene òg!
Trenar: Terje Sløgedal og Beate Rønning
Jenter 14
Fredag:
J14 møtte Stord: Dette vart ein jamn og spennande kamp, men Tysnes måtte tilslutt sjå seg slått 6-8!
Laurdag:
Motstander var Nærbø. Jentene hang ikkje heilt med i begynnelsen av kampen og til pause stod stillinga 4 – 2 til Nærbø. Men når andre omgang begynte, gira dei seg opp eit par hakk. De var flinke til å holda tempo i angrep og Malene stengde målet. Dette var ein jevn og spennande kamp, der jentene klarte å henta seg inn igjen og vant til slutt 6 – 5.
Siste kampen laudagen var mot Mathopen. No var jentene sletne, og med Sara ute pga. skade, så blei Mathopen for sterke. Mathopen vant til slutt 11 – 3.
Søndag:
Kamp mot Gneist. Dette var eit bedre lag, med høgt tempo, og me hang ikkje med til tross for mange gode redningar av Malene i mål. Sluttresultatet blei 13 – 1.
Så var det klart for åttendedelsfinale i B – sluttspelet mot Sotra. Her gjorde jentene ein kjempegod innsats. Var tydelig at alle var gira på seier, og ekstra kjekt å sjå at så mange tok ansvar i angrep. Sjølv om Sotra blei for sterke og vant til slutt 4 – 3, var jentene fornøyd med egen innsats.
Trenar: Isabel R.Vik og Linn Bergesen
Jenter 13
Tysnes sitt J13 lag er eit spennande lag, med mange gode spelarar! I lag med J16 så var dei einaste laga som kvalifiserte seg til A-sluttspel!
Resultat etter innleiande: Gneist 3 – Tysnes (10-6), Tysnes-Lyngbø(9-5) Tysnes – Bjarg 2(6-6) og Nore Neset – Tysnes (3-9)
Dessverre vart dei max uheldig å møtte eit veldig sterkt lag frå Kjøkkelvik i 1/8-fianeln, og måtte sjå seg slått 6-14
Trenar: Øystein Flakke og Øystein Bakke
Jenter 12
Laget hadde to kampar på laurdagen som endte med tap for Fyllingen 3 (2-17) og seier mot Figgjo (4-8)
Søndag spelte dei mot Bønes 2 (tap 4-14) og Rival 2 (tap 5-4). Så då var det klart for 1/16-finale i B-sluttspel kl.15:30. Då var Åkra motstander. Dette vart ein enkel seier for dei. 1-7 stod det til slutt, men burde vore enda meir!
Frå enkel seier i 1/16-finalen, møtte dei sjølv veggen i 1/8-finalen mot Rival. Dei vant enkelt 6-1 over Tysnesjentene!
Trenar: Fredrik Ludviksen og Elvis Kalvans
Jenter 11
I denne klassen og under er det ingen sluttspel, men det er jo alltid kjekt å vinna kampar uansett :-)
Laget hadde 3 kampar kvar dag!
Stord 1 – Tysnes : 3-5
Tysnes – Fyllingen 2: 1-8
Askøy 2B – Tysnes: 8-6
Apeltun – Tysnes: 2-6
Tysnes – Mathopen: 6-1
Tysnes – Austrått: 3-6
Trenar: Heidi K.Gjelland og Michelle Borgen
Jenter 10
Dette laget fekk dessverre ein litt tøff overgang frå mini til stor bane. Dei tapte alle kampane sine, men dei kjempa så godt dei kunne. Med litt meir trening på stor bane, blir det nok seier på dette laget òg!
Dei hadde 2 kampar om lørdagen og 4 om søndagen.
Gutar 9, (to lag)
Her har me noko veldig spennande på gang. Renathe Hagen-Lunde har trent desse gutane i heile år, og det er kjempekjekt å sjå kor flinke dei er blitt. Begge laga var kun påmeldt til å delta på cupen laurdagen. Begge laga fekk 3 kampar kvar.
Håpar me klarar å behalde desse gutane i mange år framover!!
Stord 2 – Tysnes 2 – resultat – 7-11
Bønes 1 – Tysnes 1 – resultat – 8-10
Tysnes 1 – Mathopen rød – resultat – 15-17
Bønes 2 – Tysnes 2 – resultat – 5-13
Stord 1 – Tysnes 1 – resultat – 9-12
Tysnes 2 – Bønes 1 – resultat – 17-15
Kommentar frå trenar, oppsummering alle kampane:
– Gutane gjere ein utruleg god innsats og vinn mange kampar. Den eine kampen som vart tap var mot eit godt mathopen lag, men ingen dårlig kamp av Tysnes av den grunn. Dei kjempa til siste slutt og det viste seg på resultatet.Resten av kampane enda med seier og som trenar kunne eg ikkje vore meir fornøyd :) Kjempe kjekk gjeng å trena. Gleder med te neste år!
Tekst: Jorunn Dalland.