Publisert av:
26/11/2009 20:47
Periodevis stengt
Grunnen til stengjinga er at pumpene skal oppgraderast. Arbeidet med dette gjer at det i periodar ikkje vil bli mogleg å fylla drivstoff.
– Arbeidet tek til på måndag. Me veit ikkje kortid pumpene blir stengt og kortid arbeidet vil vera ferdig, seier Frank Tysnes til Tysnesingen.
Han rår difor til at folk fyller opp tankane sine på førehand, slik at ein ikkje kjem og skal fylla medan pumpene er stengde.
Essobutikken vil halda ope som vanleg. Det er berre drivstoffyllinga som vert periodevis stengt.