Mange spreke born klare på startstreken!

Perfekte forhold under Ramnanuten Opp

Publisert av: May Britt Meland
10/7/2019 21:11
For 5. år på rad sparka Svingen Puls i gang Tysnesfest med Ramnanuten Opp onsdag 10. juli. Sol og 18-19 grader var perfekte forhold for ein fin dag i løypa.
.
83 deltakarar i barneløpet, 71 i konkurranseklassane og 52 i mosjonsklassen.
Dette er god auke frå 2018, og arrangørane er godt fornøgd med oppmøte.
.
Jørgen Møklebust Austvik stakk av med seieren med ny løyperekord; 15:08. Erlend Gjerdevik Sørtveit (vinnar i 2018 og løyperekordhaldar) måtte sjå seg slått med tida 15:34. Tysnesingen Johan Løve Gjersvik med sterk 3. plass; 16:11.
.
I dameklassen vann tysnesingen Marita Nygård med tida 20:26. Maren Bakken på sterk andre plass med tida 21:12, og Marianne Davanger på 3. plass; 22:46.
.
Blant gutar u/ 16 år vann Oliver Fagerbakk med rå tid; 19:16. Mathias Bakke på 2. fekk tida 21:22 og Kristian Brenne på 3. med tida 22:00.
.
Unge jenter viste styrke blant jenter u/ 16, og Anna Birkeland vann med tida 24:51. Henriette Bakke hakk i hæl på tida 25:18, og Bertine Landeraaen Hess med tida 27,44.
.
Det er mange som har bidratt til at Ramnanuten Opp har blitt ein så stor suksess.
.
Marthe Birkeland ved Svingen Puls ynskjer å rette ei stor takk til sponsorane som gjer det mogleg å arrangere løpet:
Lerøy Vest/Sjøtroll
Spar Tysnes
Accountor
Andersland Bygg AS
Tysnes Bygg AS
Tysnes Blomster og Interiør
Tysnes Kraftlag/BKK
Tysnes Breiband/BKK
Ivyelli
Tysnes Råd og Regnskap (Arr. Barneløp)
.
Ho vil også takka:
Tysnes Sparebank for startnummer, papirsjekkar og Tysnesfest-pass.
Onarheim Idrettslag for tidtakar.
.
-Og så må ein ikkje gløyme alle dei fantastiske friviljuge som stiller opp år etter år!
.
Her kjem resultata og eit bildedryss frå det fantastiske løpet:
Alle foto: SvingenPuls