Pepperkakebygda er på plass

Publisert av: May Britt Meland
17/12/2025 21:07

Tradisjon tru veks det fram ei innhaldsrik bygd på OnarTun i desember. Det er ikkje grenser for kva folk får til av ulike pepperkake-kreasjonar! Båtar, naust med brygge og stupebrett, slott, hus i alle fasongar og nytt av året: fleire kreative og detaljerte basseng!

Lea Rehling Qvistgaard fortel at dei har fått inn bidrag frå skule, barnehage og mange privatpersonar.