Pepparkakehus

Publisert av:
11/12/2009 11:21

Kristine Malkenes Tveit er ein av personane som har gått i bresjen for pepparkakehuset til Stord sjukehus. Ho fortel at litt av bakgrunnen for dette er at dei gong på gong får høyra at føden skal leggjast ned, for så å gå ut i media å se at føden no er redda.

– Folket i Sunnhordland treng den tryggleiken at dei har ei fødeavdeling dei kan reisa til. Å reisa til Haugesund kan for mange vera for langt. Ikkje utan grunn nokre fødslar har skjedd ombord i ambulansebåten eller i sjukebilane på veg, seier Kristine til Tysnesingen.

Pepparkakebyggjarane består av halvt Tysneskråker/søskenborn, og oppskrifta til pepparkakehuset er frå tanta til Kristne, den finn du her.