Peder Lundarstøl- eit syngjespel.

Publisert av:
3/2/2017 07:14

Kort om stykket:

Prosjektkoret «Lundarstølkoret» sette i 2011 opp musikkspelet «Peder Lundarstøl» ilag med musikarar og lokale skodespelarar i Kulturhuset på Stord. 

Manus vart utarbeidd av Johanne Øvstebø Tvedten på grunnlag av boka «Dagbok for Peder Lundarstøl» av Kirsten Sørheim (Stord).

Musikken (songar og instrumentale stykke) vart komponert og arrangert av Tonje Hernes frå Os. Bjørn Arve Lunde (bildet) spela hovudrolla som Peder Lundarstøl, ein fjellbonde som misser løyvet sitt som lærar etter ein fatal julefest. Etter dette må han slita for føda på den vesle garden, ilag med konene sine.

Dei var alle gamle når han gifte seg med dei, og dei sleit seg ut, ein etter ein… Stykket vart ein suksess og vart sett opp igjen året etter, også då i Kulturhuset på Stord. 

No har Trio Vest og Sunnhordland Museum, ved Johanne Ø. Tvedten  og Bjørn Arve Lunde, samarbeidd om ein kortare og enklare versjon av syngespelet. Dei har allereie vore på ein kort turné i Sunnhordland for Den Kulturelle Spaserstokken. 

No er turen komen til Kulturkyrkje på Onarheim. 

Styret i Kulturkyrkja er stolte over å få dette til.

Me gleda oss stort til å kunna presentera dette for publikum på Tysnes.

Stykket varer omlag 55 min.