Publisert av:
6/1/2017 10:48
Pass på
Det vert meldt om at ein fleire plassar i landet har vore plaga med at toalettpapir og tørkepapir vert levert på døra utan at ein har bede om det.
Pengane vert så kravde inn etterpå.
No melder Fusa og Tysnes Lennsmannsdistrikt at dette har også skjedd i distriktet her.
Lennsmannen skriv at ingen kan krevja nokon for pengar på denne måten.
Ein må ikkje finna på å betala, – og varene får dei henta dei som har levert dei, skriv han.Folk vert oppmoda om å ta kontakt med lensmannskontoret om ein opplever noko som ubehageleg.
Og hugs:
Lensmannen vil gjerne ha opplysningar som kan identifisera dei som driv med dette.