Publisert av: Vegard Aslaksen
21/4/2019 09:00
Påskequiz del 4
Då var fyrste påskedag her og me har fire spørsmål til på lager. Fyll inn svara på rett plass i kryssordet. Kanskje du allereie har løysingsordet?
Spørsmål 2: Kva for ein fjelltopp i nærheita av Våge har eit namn med ein fuglerase i seg?
Spørsmål 4: Tysnes har eit sangkor som for tida øvar i Onartun. Kva heiter koret?
Spørsmål 11: Kva heiter den nest høgste fjelltoppen på Tysnes med sine 727 moh?
Spørsmål 16: I den siste tida har Tysnes tatt imot fleire asylsøkjarar frå Eritrea. Kva heiter hovudstaden i heimlandet deira?