Publisert av: Vegard Aslaksen
26/3/2018 14:30
Påskequiz del 2
Her kjem fire nye spørsmål til årets Påskequiz.
Denne gongen er me ute etter svar på spørsmål 7, 10, 14 og 18.
7. Hvilken by vert kalla kjærleikens by?
10. Kven har hovudrolla i filmen Alien frå 1979, regisert av Ridley Scott, kor det på coveret står «In space no one can hear you scream!»? Alien har hatt mange oppfølgarar, og me kan røpe så mykje at det er ei kvinne, født i 1949, som i filmane heiter Ellen Ripley.
14. Kva var namnet på det militære forsvaret til Tyskland under den andre verdskrig?
18. På NRK frå 1984 til 1990 gjekk det eit tv- program for barn. Serien vart spelt inn i Bergen. I hovudrolla var det ei teaterdukke som deler same namn som serien. Dukka har forøvrig lik farge som påsken.