Publisert av: Martha Nygård Lande
8/3/2022 09:03
Påskebasar og hjelp til Røde Kors sitt arbeid i Ukraina
Reksteren Idrettslag har starta planlegging av påskebasaren i Reksteren Idretts-og Kulturhus.
Dei håpar at dei i år kan få gjennomført den tradisjonelle basaren. Påskelotteriet, salg på loddbøker, har starta med god respons.
Med den tragiske krigen i Ukraina har styret i Reksteren Idrettslag bestemt at kr 10.000 kr av årets påskebasar skal gå til Røde Kors sitt hjelpearbeid. Dei har allereie sendt sitt bidrag.
Dei utfordrer andre lag på Tysnes å gjere det same.
Dei har fått inn mange flotte gevinster.