Parturnering i bowling

Publisert av: May Britt Meland
31/12/2025 08:03
Det var fullt i bowlinghallen då parturneringa vart avvikla 29. desember. Ni lag og 18 spelarar koste seg, men kjempa også om heider og ære. I turneringa speler laga seks seriar, to på kvar bane. Kvar spelar kastar heile tida annakvar kast. Dette er tydelegvis ei populær turneringsform, og ni lag er det meste me kan ha.
Vinnarar vart Jostein Mehl og Tommy Bjørkelund. Dei tok leiinga alt etter første runde, og sjølv om to andre lag truga dei undervegs, heldt leiinga heile vegen inn. Andreas Kleppe og Sergejs Vasiljevs tok andreplassen medan Lars Martin Haugland og Olav Helge Dalland vart tredje best.
Eit reint damelag stilte, og dei hevda seg godt blant mennene, men vart sjølvsagt best av damene. På laget spelte Christin Veivåg og Renate Frugård
Framme: Christin Veivåg, Renate Frugård.
Bak: Jostein Mehl, Tommy Bjørkelund, Andreas Kleppe, Sergejs Vadiljevs