På torsdagstur

Publisert av:
4/12/2009 07:21

Det er ”Kontakten” som arrangerer desse turane. No torsdag møtte 15 turgåarar saman med Sissel Karin Clausen og Bernhard Skjolde på Øyerstølen – litt nordafor Skjellevik – for å gå den gamle skulestien som borna frå Flakkavågen måtte gå fram til Skjellevik skule. Berre to av turgåarane denne gongen hadde vore på desse trakter før.

Skulehuset stod ferdigbygt i 1908, og ved skulestart same hausten kom dei første borna på pultane i skulestova. Då det kom nytt skulehus på Onarheim i 1957, vart Skjellevik skule nedlagd. 

Etter ein tur bortom det tidlegare skulehuset, som no er i privat eige  – og nokre småstubbar frå den tida det var skuleborn i huset – gjekk turen framom dei to tuna på Gongstø. Gongstø var i si tid eit av dei største husmannsplassa på Tysnes.

Nede på bryggja i Skjellevik var det pause, og termosar og matboksar kom fram.

Oppe i hovedtunet kom Grim Sveinung Skjellevik ut og slo av ein prat, før turfolket heldt fram til Øyerstølen att.

Det verka som om deltakarane sette stor pris på turen sjølv om det berre var 4-5 plussgrader.  Men slikt ser det ikkje ut til at denne gjengen bryr seg om. Tvert i mot – prat og lått heile vegen. 

Torsdagsturen er eit tilbod alle kan gjera seg nytte av. Dei som er sprekast går gjerne litt lengre enn dei som ikkje er fullt så spreke. Målet er likevel ikkje å koma høgt og langt, men å koma seg ut på tur!