Publisert av:
28/11/2009 21:29
På skumringstur
Det var mange lommelykter som lyste under skumringsturen i kveld. Oppmøtet av born med foreldre var stort.
Turen starta frå Tysnes bedehus og dei gjekk eit lite stykke mot Vågstjødno. Der fekk borna utdelt kvar sitt dyr som dei tok med tilbake til bedehuset.
Etter ein times tid var dei tilbake. Prest Jørgen Knudsen heldt så andakt, og det var litt program før barnekoret song. Til slutt fekk dei kakao og bollar. Det smakte nok godt etter skumringsturen!