På nyåret står Martha og Ann Christin klar til å ta imot vask frå private.

På nyåret kan du få vaska dynene dine på Tysnes Industri AS

Publisert av: Vegard Aslaksen
30/12/2018 21:54

Har det hopa seg opp med vask etter jule og nyttårsfeiringa? Etter nyttår blir det mogleg for private å levera vask på Tysnes Industri AS. På vaskeriet i Eredalen er det store maskinar som kan handtera tekstiler som ikkje er like lett å vaska i vanlege husholdningsmaskinar.

Desse tekstilane kan du få vaska på vaskeriet i Eredalen:

  • Dyner
  • Puter
  • Overmadrasstrekk
  • Dukar

For meir informasjon klikk her

Den største vaskemaskina på vaskeriet i Eredalen kan ta heile 45 kilo vask

 

Dei store tørketromlane på vaskeriet egnar seg svært godt for å tørka dyner.