Publisert av:
9/6/2012 21:45
På Mods-tur
Det populære bandet frå 80-talet Mods skal ha ein stor gjenforeningskonsert på eit fullsatt Viking Stadion i Stavanger i dag.
Frå Hordaland går det hurtigbåt frå Bergen via Os-Fusa-Tysnes-Kvinnherad-Stord før dei er ved kai i Stavanger kl 1700.
Frå Tysnes stod ein stor delegasjon klar for avreise like før klokka 1330 på Våge kai. Etter planen skal dei vera tilbake etter konserten på Tysnes i 3-tida i natt.
Høyrer du ljomet av “Tore Tang” frå sjøen i ettermiddag/natt er det truleg frå konsertglade Mods-tilhengjarar på hurtigbåt!
Alle bilete: Patrick Madsen