På leiarplass i Klassekampen
Publisert av:
30/8/2011 15:26
30/8/2011 15:26
Det er ikkje akkurat kvardagskost at Tysnes kommune vert kommentert på leiarplass i ei riksdekkande avis. Klassekampen – som omtalar seg som “venstresidas avis” – kjem ut kvar dag bortsett frå søndagar, og hadde i fjor eit opplag på over 14000.
Leiaren, Bjørgulv Braanen, skriv om den thrilleren kommunevalkampen er i ferd med å utvikla seg. Deriblant nemner han typiske uttrykk for dei generelle tendensane som ein også ser ut til å finna i Tysnes med bakgrunn i ei meiningsmåling Sunnhordland hadde sist veke.
KrF og Senterpartiet (som begge har hatt ordføraren dei siste 28 åra) ser ut til å gå tilbake, medan både Ap og Frp ser ut til å styrka seg ved dette valet, og at Høgre kan vera i ferd med å gjera sitt beste val på lenge.