Øyvind 18 år

Publisert av:
24/1/2011 07:23

Ein vinterdag i 93`
du som sist i søskenrekkja kom
ein liten søt krabat med mykje hår
du tok oss alle med storm.

Åra har gått sidan den gong
 over hovudet på dei fleste du har vakse ifrå
med nesten”2meterèn long”
me lyt nesten stå på skammel for deg å sjå.

På skulebenken du set
 og elektroautomasjon er faget
 kveldstida går til lekser og mekking av bil
du har fått dreisen på det og retta draget
pappen er rådgivar og hjelper til.

Sjølv om du er lang, og ruvar oppi der
Er du den som ofte spør ein om”kor da går”
Omtenksam , snill og god som du alltid er
me ofte omtanke hos deg får.

Til sist me deg gode ynskjer for framtida sender
 med håp om lukka kor hen i verda du måtte gå
og husk att me i heimen er her om nasa heim att vender
og til oss alltid du kan komma og ein varm armkrok få :-)

Gratulerer så masse med myndighetsdagen din , Øyvind!

Mange varme klemmar frå

Leah Isabell og Kathrine
Svein Christian og Sara Elisabet
mamma og pappa.