Publisert av: May Britt Meland
13/3/2021 19:57
Øvde på røykdykking
Tysnes brann og redning har i dag gjennomført røykdykkarøvingar. Etterpå vart det utført ei kontrollert nedbrennening av hus.
Det er uvurderleg øving for oss å få slike objekt å ha øvingar i då det gir oss veldig reelle scenario å trene på, fortel brannvesenet på Facebook sida si. -Det gjer oss betre rusta den dagen det faktisk gjeld.


På Tysnes brann og redning finn du også ein snutt frå øvinga der ein får eit lite innblikk i kor uforutsigbar ein brann kan vere og kor utfordrande det er å slukke ein fullt utvikla brann.
Tekst og foto er gjengitt med samtykke frå Tysnes brann og redning.